Kring 1890 tok dåverande sokneprest i Jølster Christian Astrup initiativ til å skipe ein lesering på Ålhus, og inviterte til møte i prestegardsstovene. Bokringen har teke nye namn, og møta har gått på omgang på gardane heilt fram til i dag. Det var som om ringen vart slutta då prest Silje Sørebø inviterte bygdefolket til ein litterær samtale med Bergsveinn Birgisson, som nærast kan seiast å ha den lesande bonden som eit ideal i karakterteikningane sine.

Først litt meir om bokringen på Ålhus:

I boksamlinga, i bok nr. 15: «Norsk Maallære (gramatik) av L. Munthe- Kaas, finn ein skrive følgjande reglar for utlån av bøker i «Læseselskabet Ungdomshåbet»:

«Enhver der låner bøger tilhørende Læseselskabet, har at behandle dem smugt. Samt regelmessig at tilbakelevere dem når udlånstiden er forbi. Den der beskader en bog, pliktes at utbedre skaden.

Bortkomne bøger betales etter innkjøpspris. Udlånstiden settes til 3 uger.

Udlånspris for ikke medlemmer settes til 2 øre.

(Jølster – november 1892 – A. Egge)

 Den religiøse litteraturen i samlinga var det presten Astrup som sytte for, og ein veit at Astrup gav bøker til samlinga. Søren M. Øvrebø, som seinare vart lensmann i Jølster, synte stor interesse for å samle litteratur om jord- og skogbruk.

 I 1895 skriv bibliotekaren i LæseIskabet følgjande:

«Ungdomshåbet har no i try år stubba og gått – desse åra har det vore kjøpt for 90,50 kr. i bøker, og fengje bøker fyr kr. 48,10. Eig altso eit boklag på 15 148 sider. Samla bogladeverdi kr. 138,60.

«Meddelt av bibliotekaren»

Jølster var også tidleg ute med bibliotekdrift, og «Jølster bibliotek» vart starta i 1838 med at Ludvig Daae (Ludvig Ludvigsen Daae), son til Kristen Daae (prest i Jølster 1817-1837) gav bygda bøker. Daae var m.a. universitetsbibliotekar frå 1869, og i 1876 vart han utnemnt til professor i historie ved universitetet i Christiania. Det var truleg ikkje samanhengande bibliotek-drift, men det finst protokollar frå 1900 og framover som syner at Ålhus var eit lesande folk.

(Frå artikkelen: Ålhus lesering – leseglede i nær 100 år, av Kari Øvrebø og Aina Gamborg.)

 

Forfattaren Bergsveinn Birgisson (1971) kjem frå Island, og er utdanna doktor i norrøn filologi, etter ei avhandling om skaldediktning ved Universitetet i Bergen i 2008.

I 2012 blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Svar við bréfi Helgu, som den litterære samtalen her i prestegarden vil dreie seg om. Boka er omsett til norsk av Johannes Gjerdåker og utgjeven som Svar på brev frå Helga. I 2013 vart han nominert til Brageprisen for fagboka Den svarte vikingen. I 2014 ble Soga om vêret(Landslag er aldrei asnalegt), Boka er omsett av Margunn Rauset, frå Gloppen. I oktober 2015 Birgisson ut Geirmundar saga Heljarskinns på Island. Dette er ein roman om stamfaren Geirmund Heljarskinn, som han også skreiv om i Den svarte vikingen.

Bergsveinn Birgisson skriv om den lesande bonden slik vi også kjenner han, særleg her på Ålhus der den eldste bokringen i landet vart etablert i prestegarden kring 1890. Vi er inspirerte av figurane hans når vi lagar litteraturhus på vår måte kring om i grendene. Prestegardsstovene var rette staden for eit møte med den islandske forfattaren, og vi i ”Litteratur i grendehuset” vil takke sokneprest Silje Sørebø så mykje for vertsskapen og samarbeidet. Det vart ein eineståande fin kveld vi skal hugse lenge.  Då prestegardsbonde Arild Bruflot til slutt fortalde to historier om eit par karar frå Ålhus og deira skråblikk på tilveret, var kvelden fullkomen!