Showtuneprosa med Arne Henning Årskaug:
Eksesser om gørra vi ber på.

Arne Henning Årskaug (f. 1985) kjem frå Holsen i Sunnfjord og bur i Oslo. Han debuterte i 2015 med prosasamlinga Utstyrstekstar og er denne våren tilbake med ei samling balstyrig og burlesk showtunesprosa. I Skap & Sørg utforskar Arne Henning Årskaug mekanismane som får menneske til å trasse og til å lystre, alle dei gørre livsvilkåra ein må hanskast med anten ein vil eller ikkje, på sitt eige gjenstridige og usjenerte vis.

«Skap & Sørg» er maksimalistisk, syngjande og laussleppt, med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Tekstane har titlar som «Det er ikkje anna å gjere i Førde enn å tenne på ting» og « Gjevande & aktivt vaksenliv utan barn» I boka møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvillig set seg ned og skapar ei verd som minner mistenkjeleg om vår eiga, og til og med deg sjølv ei natt du har vanskar med å få sove.