I livet slår lagnaden vilkårslaust fylgje. Forfattarane Olaug Nilssen og Laura Djupvik utforskar tilhøva både for eigeverd og for tillit til kvarandre, når dagane krev meir enn vi maktar.

I romanen «Yt etter evne, få etter behov» (Nilssen) og novellesamlinga «No fær huset» (Djupvik) peikar forfattarane mot at nåden finst, i det gode vi strever mot å gjere for kvarandre.

Gjennom samtale og lesing reflekterer dei over korleis slike innsikter også er drivkrefter i skrivinga, og over korleis litteraturen kan vere med å løyse litt i flokane, både for den som les og den som skriv.
Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? Slike spørsmål verkar til å kverne mellom linjene i Olaug Nilssen sin heilt ferske roman «Yt etter evne, få etter behov».

Vi får innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gunvor, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Dei får det ikkje heilt til, karakterane i Laura Djupvik si siste novellesamling, heller. «No fær huset» samlar forteljingar om kor sårbart livet kan vere, og syner fram at alle har utfordringar. Vi har alle vårt. Ingen treng å skamme seg. Novellene handlar om dei erfaringane folk gjer seg, og om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv.

«Sjå i nåde til oss» er ein del av samtalerekkja «Med to til ords» som er utvikla av Rom for ord med støtte frå Fritt ord og Norsk kulturråd.