Dei er mellom våre høgst elska kunstnarar gjennom alle tider. Framleis kan vi sitere vår Sande, synge Julekveldsvisa på rams og kjenne oss i slekt med Solan eller Ludvig alt etter som.

I Alf Prøysen, Kjell Aukrust og Jakob Sande sine kunstnarskap boblar det viljesterke livet, men det å få andre til å smile hadde sin pris.

I denne samtalen får publikum bli kjende med dei folkekjære diktarane på nytt. Rom for ord mønstrar tre biografar som kvar for seg har undersøkt historiske, sosiale og kulturelle føresetnader for skaparkrafta i forfattarskapane. Husmannsmiljøet på Hedemarken, bygdelivet i Alvdal og gutedagane inst i Dalsfjorden gav rammer å dikte i, men kva med lesinga? Korleis står dei seg, desse tre? Finst det andre spor å fylgje gjennom kunstnarskapa, når tilknytinga til stad og tid svinn hen?

Bjørn Ivar Fyksen viser fram det radikale i Prøysen sine haldningar til kunst og litteratur i monografien «Almuens opera»: På ein kjærleg måte tok Prøysen i bruk underklassen sin kultur, språk og omgangstone og omforma den til eit særeige og kraftfullt forfattarskap.

I den første utfyllande biografien om Kjell Aukrust, byggjer Sigmund Løvåsen på eit unikt kjeldemateriale og tallause møte med dei som kjende han. Løvåsen si framstilling av Kjell Aukrust sitt liv og verke liknar kunstnaren han skildrar; Sprudlande morosam, djupt alvorleg og vart poetisk.
Jakob Sande kan seiast å vere ein nynorskens Alf Prøysen. Ove Eide sin biografi om den populære diktaren fortel også om ei tidvis tragisk livssoge. I hovudstaden var heimlengten ei drivkraft i diktinga, men kvar kjende han seg eigentleg heime?

I dette programmet ser biografane Bjørn Ivar Fyksen, Sigmund Løvåsen og Ove Eide kunstnarane i lys av kvarandre.