VARGTIME & MEISTERMØTE

– Det foregår i Bergen fordi det er her eg bur, seier Gunnar Staalesen om romanane sine. Rune Timberlid kunne nok sagt det same, om Førde, Sunnfjord og Sogn. Dei to forfattarane har dette til felles;
At dei skriv kriminalromanar frå miljø dei kjenner seg heime i.

Torsdag 12. oktober kjem Gunnar Staalesen og bandet hans til Jølster og løa på Jølstraholmen med Varg Veum sine jazz-favorittar:

”Jeg undres hva det det skyldes, denne dragningen jeg alltid har hatt inni meg, etter saksofonens runde røst, romantisk og innsmigrende, når det er det som kreves, rå og brutal, når det er slik det skal lyde. Den tar deg med ”Over the rainbow”, den minner deg om at det er blitt september, at dagene blir korte og at de ikke bør tilbringes alene.”

Varg Veum skjenker seg eit glas akevitt og lyttar til blå tonar i haustmørket. – Denne stemninga tek vi med oss til Jølster, min favoritt mellom dei vakre bygdene på Vestlandet, seier Staalesen.

Etter den litterære konserten inviterer ”Rom for ord” til eit aldri så lite meister- møte i ein samtale på scenekanten, to krimforfattarar i mellom: Rune Timberlid vs. Gunnar Staalesen! Begge signerer bøkene sine for sal, Timberlid den heilt ferske ”Blodhevn” om lokal sjukehusstrid og gruvedrift. – Eg håpar boka vil slå godt an, då lokale kon iktsaker framleis skaper heite kjensler hos mange. Når eg opplever uroa i Jølster kommune, kan det jo vere at dei også snart ligg klar for hogg, seier Timberlid med glimt i auget i eit intervju med Firda.

På Jølster møter Timberlid og Staalesen jølstringar som samarbeider og hjelpst åt med årets otte jazzfestival, både på Vassenden og Skei. Kanskje ikkje stoff til ein kriminalroman, men heller til ein kriminelt kjekk kveld i godt selskap.

Velkommen til ”Litteratur i grendehuset” – denne gongen i løa på Jølstraholmen.