Vinje, vår mann
Denne litterære framsyninga var Rom for ord si feiring av Vinje-jubileet i 2018, utvikla med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord. Framsyninga var basert på eit nyskrive manus av forfattaren Lars Amund Vaage, og vart produsert i samarbeid med dåverande Sogn og Fjordane teater. Regi var ved teatersjef Bodil Kvamme. Programmet vart vist på ni scener sommaren og hausten 2018: I Haarklousalen i Førde, i bokbyen i Fjærland, i Borgja på Ålhus, på Vinjedagane i Telemark, kulturhuset Oseana i Hardanger, Kulturhuset Husnes i Kvinneherad, på Litteraturhuset i Bergen, høgskulebiblioteket i Sogndal og på Åmot Operagard i Bygstad:
GODTFOLK!
I 2018 feirer vi 200 års-jubileum for Vinje. ”Vinje, vår mann” er Sogn og Fjordane teater og Rom for ord si feiring av målmannen, diktaren og folkeopplysaren.
”Ferdaminne frå sumaren 1860” var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert. – Og så er det ein formasteleg tanke, seier Lars Amund Vaage, at det kanskje framleis er den beste. Vaage held fram:
– Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva. Tekstane hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne. Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på morsmålet:
Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma; Heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma. …
«Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund, då han voks opp. Forholdet mellom bokleg lærdom og lærdom frå livets skule er ei hovudsak for Vinje, i både liv og verk. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk lærdom såg han aldri bort ifrå.
– Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage.
I denne litterære framsyninga fortel forfattaren om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg-Vinje, songane. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.