Ottar Grepstad i samtale med Magni Øvrebotten om å skape og fortelje historier.

«Å fortelje er å ordne fortida. Då hjelper det ikkje alltid å dikte»
Ottar Grepstad, kronikk i Aftenposten 18.01.2020

Jølstringen og målmannen Ottar Grepstad har hatt ei rekkje rollar i norsk kulturliv og var direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta i 19 år. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin. Han er språk- og litteraturvitar og har skrive over førti bøker.

I den nye boka 1900-talet grip han tak i historiske hendingar mange av oss hugsar og trur vi veit kva som skjedde. Men Grepstad skriv om kva som skjedde då det skjedde, med andre kjelder og synsvinklar enn dei vi kjenner. Forteljingar frå nær femti land, vert fletta saman med stor skriveglede, ordna etter klokkeslettet då dei skjedde. Boka opnar opp ei ny dør til verdshistoria, fortalt i korte og fortetta forteljingar.

«Den fredagskvelden kom verda inn i hovudet mitt frå ein annan kant enn før. Dette var noko anna enn å pugge remser av elvenamn i Spania og Sovjetunionen.» Dette skriv Ottar Grepstad om 22. november 1963, den dagen president John F. Kennedy vart skoten og døydde i Dallas. – Sidan både Ottar og eg er fødde fyrst på 1950-talet er nett den dagen det fyrste minnet om ei skilsetjande hending ute den store verda, seier Magni Øvrebotten.

Boka 1900-talet Forteljingar frå eit hundreår har med alle desse skakande hendingane vi lett hugsar og fleire vi knapt har fått med oss. Korleis formar hendingane i verdshistoria liva og samfunna våre, i stort og smått? Kvifor er det viktig med fleire kjelder om det som skjedde? Kva er sant og ikkje sant? Kven bestemmer sanninga? Ja, kvifor måtte Ottar Grepstad skrive nett denne bok? Dette er nokre av spørsmåla Magni Øvrebotten og Ottar Grepstad vil kome inn på i denne samtalen om å skape og fortelje historier.

Arrangementet er i regi av Rom for ord, i samarbeid med Botnane og Årebrot grendalag. Programmet er støtta av Fritt ord og Norsk kulturråd, som ein del av programrekka «Med to til ords».

Botnane grendahus i Bremanger
Søndag 13.09 kl 16

Omvising på Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan Magnus Bruheim frå kl 14-16
Søndagskafè i grendahuset frå kl 16 -18.
Påmelding til omvising eller program:
E-post: post.magni.ovrebotten@gmail.com
Telefon: 97055201

I samarbeid med Botnane og Årebrot grendalag

 

Sande bibliotek
Måndag 14.09 kl 19
Fritt tilgjenge, få plassar.
Kom i god tid for registrering
I samarbeid med Biblioteka i Sunnfjord kommune.