Aina Basso og Ottar Grepstad i samtale med Vidar Parr.

Korleis kan historiske hendingar og kjelder inspirere skriving og forteljing? Korleis kan eit breitt og nyansert tilfang av kjelder medføre ulike framstillingar av den same hendinga? Korleis kan sakprosa og skjønnlitteratur bidra til å minne oss om kor samansett sanninga er? Dette er nokre av spørsmåla Aina Basso, Ottar Grepstad og Vidar Parr kjem i denne samtalen om å skape og fortelje historier.
Øvst på eit lad av vel førti sakprosa-titlar, ligg boka «1900-talet» frå Ottar Grepstad si hand. Her skriv han fram over åtti historier om folk som har forma vår tid. Forteljingane tek til i nærare femti land, vert fletta saman i grenselaus forteljarglede, ordna etter klokkeslettet då det skjedde. Det opnar ei ny dør til verdshistoria, fortalt på måtar vi ikkje har sett tidlegare.

Aina Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksejakta i Europa. Aina Basso er ein faghistorikar som brukar språk og synsvinkel bevisst og godt i den skjønnlitterære omforminga av stoffet, ikkje minst i den siste romanen hennar for vaksne; «Ungen». I programmet les ho eit lengre utdrag frå boka.

Journalist og tidlegare redaktør i avisa Synste Møre, Vidar Parr, leier samtalen om kjelder, fakta og historiske hendingar – formidla i spennet mellom sakprosa og skjønnlitteratur – om mulegheiter og avgrensingar i sjangermangfaldet.
Opptaket er gjort i gamleskulen på Giske i eitt i av klasseromma der Aina Basso var elev i første og andre klasse på grunnskulen. Klasserommet er no pussa opp som ei stove med flott inventar frå jugend-byen. Det er Giske sogelag som står for restaureringsarbeidet av skulen. Her les Aina Basso diktet «Min stad er ei øy» som ei innleiing til samtalen. – Å ha vakse opp på historisk grunn på øya Giske har prega meg og arbeidet mitt, både som historikar og forfattar, fortel Aina Basso.
Arrangementet er i regi av Rom for ord, som ein del av programrekka «Med to til ords». Rom for ord vert utvikla som ein distriktsvariant av litteraturhuset. – Skulehus, prestegardar, kunstnarheimar, grendehus. Bygdene våre har mange slike «litteraturhus» om vi ser nærare etter. Her er rom med autentisitet og historie, som tilfører noko til formidlinga. Slike scener ser vi etter og slike samarbeid søker vi, seier kunstnarleg leiar Janne Karin Støylen i si takk til Giske sogelag.
Produsert med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord.

Samtalen kan du sjå på YouTube komande søndag 20.09. kl 20.

https://studio.youtube.com/video/ttZI_hMk1rQ/edit/basic